tirsdag 11. mai 2010

Comeback-kids på skåringslista på 7-arlaget

7-arlaget 10.mai: Sykkylven-HaNo 8-2 (5-1)
Mål HaNo: Erlend Hagen og Kristian Klokk

7-arlaget fekk ikkje så mykje hjelp frå a-stallen med folk denne gongen, då det er kamp i morgon mot Giske i 5. divisjon. Men Steven Haram skrapa i saman eit godt samansett lag, beståande av ein god del gode gamle HaNo-namn, då mest frå alderbestemt fotball! Erlend Hagen og Kristian Klokk skåra HaNo sine mål. Det stod 5-1 til pause, så laget hadde nok vunne om det hadde vore tre omgangar, tatt dei på kondisjonen:)

Desse 9 forsvarte dei blå fargane på Sykkylvs-grusen: Daniel Grebstad, Martin Åkre, Stian Longva, Per Olav Sunde, Kristian Klokk, Erlend Hagen, Torbjørn Standal, Kent Inge Klokk og Steven Haram.

PS! Endå meir målrikt i Uggedalen i kveld: Norborg-Godøy 14-10 !

Ingen kommentarer: