onsdag 12. januar 2011

Harøy-kamp laurdag

10 mann på inneøkt i dag: Lars, Vegard (eller Politiskule-Vegard som vi kallar han etter dagens styrkeøkt!!), Robin, Sigvard, Olve, Odd Einar, Mert, Thomas, Sindre og Mads.

Laurdag reiser vi kl 1250 med båt frå hurtigbåt-kaia på Austnes. Retur kl 1620 frå Myklebust (det er ei perle av ein stad på Harøya om nokon lurte). Båten slepp ein å betale på denne gongen, medan alle betalar hurtigbåten sjølv. Lars/Vegard kjem sikkert tilbake til info om tropp og slikt når det lir på.

Harøy er i same situasjon som HaNo i emninga av årets sesong. Det som ex-HaNo-målvakt Arve Myklebust er sitert på her, kan passe ganske godt for vår del også. Vi satsar ungt etter at fleire har valt å skifte klubb med oss før sesongen.

Når det er sagt, så vil eg personleg seie at treningane til no har vore entusiastiske og gode. Unge, ivirige spelarar har mykje pust og er villige til å lære. Lars og Vegard har hatt med få rutinerte til no. Folk som Kenneth, Per Jarle og Ivar har Nordøyhallen som sin første heim om dagen, og Per Kristian har vore sjuk. Mikke kjem på sikt, medan Lars Petter vil bruke måndagsøktene i byen til å sige seg i løpsform, for så å vere med meir utover våren.

Ingen kommentarer: