mandag 24. januar 2011

30 lag i 5. divisjon?

Dette kan bli eit oppgjer igjen: HaNo-Ellingsøy. Her frå den smått legendariske 6-1 matchen sommaren 2009, då desse to laga kjempa eit durabeleg oppgjer om opprykk. LP hoppa to meter opp i lufta også på den tida ;)

Norborg stiller med lag både i 4. og 5. divisjon i år. Dei har ei stor tropp (med tilgong frå HaNo-spelarar mellom anna) og beslutta å melde på eit 2. lag. Fristen går ut no måndag ved midnatt.

Dette er elles saksa frå norborg.com:
"Aksla, Aspøy (ny), Ellingsøy, Emblem, Giske, HaNo, Harøy, Herd2 (ny), Hessa/SIF2 (nytt samarbeidslag), Lepsøy, Ravn, Skodje, Stordal, Vigra og Ørskog. Desse 15 og Norborg2 er lag nord for Storfjorden.

På søre finn vi desse laga: Bergsøy2, Gjerdsvika/Moltu, Haddal, Hasundgot, Kvamsøy, Larsnes/Gursken, Sunnylven, Tjørvåg, Vartdal, Ørsta2, Åheim og ÅVK. (12 lag) Vi saknar her lag som Åmdal, Sæbø og Flø, samt 2. laga til Hareid og Stranda."

Så då er det berre å begynne å spekulere i avdelingsoppsettet. Det er brennsikkert at det blir 3 avdelingar. Litt grining og av/påmeldingar blir det sikkert i år også. På SFK sitt kontor skal det forsøke å gjere alle til lags, og det blir ikkje lett.

Harøy, Lepsøy, HaNo, Ravn og Norborg2 høyrer veldig logisk til nordre del. Det gjer forsåvidt Skodje også, men dei var ikkje i same avdeling sist dei var i 5. div. Time will show.

2 kommentarer:

Anonym sa...

hoppa høgt han karen der;)

Geir R. sa...

Siste nytt ad. påmelding i 5. div. finn ein på "Skodjebloggen".
http://skodjeil.blogspot.com/