søndag 5. desember 2010

6. divisjon tilbake

Sunnmørsposten melder at Hareid sitt forslag om å gjeninnføre 6. divisjon frå hausten 2011 vart vedtatt med 19 mot 17 stemmer under Kretstinget i helga. Dermed blei det også denne gongen jamt med stemmer på Tinget vedkomande 6. divisjon eller ikkje.

HaNo og Lepsøy (bilete frå serieopninga i vår) vil møtest i eine 5. divisjonsavdelinga i vår. HaNo må då bli mellom dei 3 eller 4 beste for å vere med i "5. divisjon Haust". Viss ikkje blir det å spele hausteseongen i "6. divisjon". Om alt i Hareid sitt forslag blei vedtatt, blir opprykk/nedrykk slik etter haustsesongen:

- Dei to beste i 5. divisjon haust rykker opp til 4. divisjon 2012.
- Dei to svakaste i 5. divisjon haust rykker ned til 6. divisjon 2012.
- Dei to beste i 6. divisjon haust rykker opp til 5. divisjon 2012.

Kor mange som spelar i 5. divisjon, og dermed kor mange i kvar avdeling, blir ikkje avgjort før påmeldingsfristen går ut i januar. Men mykje tyder på at det blir ein spennande og attraktiv sesong i 5. divisjon 2011!

Les meir på Hareid IL si heimeside her

Ingen kommentarer: