mandag 24. januar 2011

Vi satsar!

Det har vore færre spelarar på oversikta over satsande i HaNo sesongen 2011. Sportsleg Utval Senior (SUS) fekk tilbakemeldingar forrige veke på kven som satsar. Antallet er noko knapt, men vi melder likevel på laget i dag. Konsekvensen av å ikkje melde på hadde blitt fatal, og no er fokus på god sportsleg satsing, trenarapparatet klart om under ei veke og hallopning om vel ein månad !!

Vi vil i løpet av helga som kjem seie litt meir om det sportslege i sesongen som kjem. Her vil vi garantert kome med positive nyheiter. Men uansett er det SPELARGRUPPA som må brette opp ermane og yte maks for kvarandre, klubben og laget i dagane, vekene og månadane som kjem.

På tampen av 2009 var vi ein kamp frå å spele i 4. divisjon året etter. Etter dette har antall aktive gått veldig ned, og vi er midt i eit skikkeleg generasjonsskifte. Fleire spelarar har gått til naboklubbar, og det er ei utfordring å ha mange nok i kamp og trening. Men når vi ser kor mange unge som er ivrige, interesserte og lærevillige, så er det ei lys framtid for HaNo!

Vi ser mange liknande tendensar i våre naboklubbar i divisjonen. Ein fellesnemnar til no har vore at trenarar også har gitt seg, og at det går mot løysing med spelarar som tek ansvar. Etter det hanoherre.blogspot.com kjenner til er det Martin Farstad og Eirik Kjerstad som blir Lepsøy-trenarar denne sesongen. På Harøya er det ingen løysing endå, men der blir det også mest sannsynleg spelarar som tek roret. I Ravn har Erlend Fjørtoft gitt seg, og det går mot dei erfarne spelarane Eivind Grøtt Ulla og Bent Nedrevold som trenarar.

Ingen kommentarer: