fredag 28. januar 2011

Det nærmar seg noko alvorleg!!

Over helga kjem Jonny Longva med maskineri inn i Nordøyhallen. Det vil seie at planering og klargjering inne til å legge på kunstgras ikkje er spesielt langt unna. Tilbygget heldt på å bli tak-kledd. I dag fredag er det ikkje dugnad, og vi har dessutan trening.

Vil derimot oppmode folk på herrelaget om å møte på neste oppsette tid. I følgje HaNo-sida er det i morgon laurdag kl 09.30-13.00. På heimesida er det alltid ferske bilete og rapportar frå prosessen.

Dersom framdrifta går som planlagt, så ser det faktisk akkurat no ut som at vi kan kome på innandørs kunstgras FØR den estimerte datoen 1. mars !!

Ingen kommentarer: