mandag 3. januar 2011

Lars og Vegard midlertidig trenarar

Lars Åkre og Vegard Halkjelsvik tar ansvar no i januar og leiar treningane til herrelaget. Lars skal arbeide i 2 veker jobb, 4 veker fri-ordning framover, og har sjanse til å bidra meir enn på nokre sesongar. Han er gira på å gjere ein jobb for klubben i lyseblått. Vegard går på skule i Ålesund, og svarte altså positivt då SUS spurte om han ville ta på seg å leie treningar no i starten.

HaNo FK syns dette er ei god løysing i januar månad, og takkar dei to for å ta på seg dette no i starten av oppkøyringa. Sportsleg Utval Senior arbeider parallelt med å få til impulssamlingar med andre eksterne kapasitetar framover vintersesongen. Ein aktuell kandidat til å bidra som har vore nemnt tidlegare er ikkje ute av biletet, men treng litt meir tid på å svare.

Det blir i skrivande stund arbeidd med både treningstider inne i gymsalane her ute, samt treningstid på Skarbøvik stadion (ein gong i veka fram til påske). Det blir aller mest sannsynleg innetrening førstkomande fredag. Vi kjem tilbake til tid og stad om ikkje lenge :)

Ingen kommentarer: