onsdag 5. januar 2011

Aktivitetskalenderen tek form

Det er fleire som engasjerer seg for å bidra inn mot herrelaget om dagen. Den første treningskampen er avtalt (16. feb mot Norborg). Fleire kjem inn etterkvart. Med hallopning rundt 1. mars vil vi også prøve å få til eit par økter på kunstgras før den tid.

Nokre av desse øktene blir med impulsar frå andre trenarkapasitetar utanfor HaNo FK sine rekkjer. hanoherre.blogspot.com kjem tilbake med meir informasjon om dette etterkvart. Det vil sikkert også bli nemnt noko om dette på treninga fredag.

Kan også nemne at det blir aktivitetsleiarkurs i Nordøyhallen. Dette går over to dagar (ei helg), og sannsynleg dato er 2.-3. april. Der er det store mulegheiter for å vere med. Kanskje går du med ein trenar i magen, og kanskje allereie i år vil bidra inn mot eit av yngreslaga våre ?

Ingen kommentarer: