tirsdag 4. januar 2011

SFK snur: Likevel ikkje 6. div i 2011

Sunnmøre fotballkrets sitt kretsstyre har snudd, og har funne smutthol i Kretstingvedtaket frå hausten 2010.
- NFF anbefaler ikkje å bryte med tradisjon og sedvane, heiter det i vedtaket til Kretsstyret.

Dermed er det følgjande opp- og nedrykksreglar som ligg til grunn for inneverande sesong, henta frå SFK sine nettsider:
- To lag skal rykke opp fra årets 5. divisjon til 4. divisjon for sesongen 2012.
- Antall lag som rykker ned fra årets 4. divisjon er blant annet avhengig av hvor mange sunnmørslag som evt. rykker ned fra 3. divisjon (etter samme prinsipp som ned fra 2. div. tidligere). Dersom ingen sunnmørslag rykker ned fra 3. divisjon, vil bare ett lag rykke ned fra 4. til 5. divisjon.
- 5. divisjon 2012 skal bestå av 10 lag som spiller dobbel serie.
- De øvrige lagene plasseres i 6. divisjon.

Dermed har Sunnmøre fotballkrets igjen greidd å skape oppstyr rundt divisjonsoppsettet på Sunnmøre. Frå HaNo si side hadde ein ikkje oppmøte på Kretstinget, og hadde heller ikkje ekstreme ønsker om det eine eller andre i denne saka. Men ein må berre legge merke til at slik var forslaget frå Hareid IL si side (henta frå Skodjebloggen).

Då veit vi at for HaNo sin del, så blir det å vere deltakande lag i ei av sannsynlegvis tre avdelingar i år, med opp- og nedrykk først etter haustsesongen. HaNo må då bli mellom dei tre-fire beste i si avdeling for å kunne halde fram i 5. divisjon i 2012.

Ingen kommentarer: