torsdag 27. mai 2010

Tøff kamp mot Brattvåg for 7-arlaget

7-ar, Brattvåg stadion 27.05.10:
Brattvåg-HaNo 9-1 (4-0)
Mål HaNo: Kent Inge Klokk (midt i andre omgang)

Det blei ein tøff kamp for HaNo mot dei rutinerte og ballsikre BIL-spelarane. Dermed hevn for Brattvåg IL frå dagen før, der HaNo gjekk seirande ut av 5.divisjonskampen. Neste veke er det spelefri for 7-arlaget. Neste kamp er 8.juni mot Godøy på heimebane.

HaNo stilte med desse: Steven Saure (ikkje Haram, som eg har drive og skrive), Kent Inge Klokk, Stian Longva, Preben Lorgen, Sindre Longva, Mads Uri, Martin Åkre, Per Olav Sunde, Eivind Fugledal, Michael Austnes, Svein Johan Nogva.

Ingen kommentarer: