tirsdag 22. juni 2010

Off då: Norborg-HaNo 20-3

7-ar 22.6.2010: Norborg-HaNo 20-3 (6-1)
Mål HaNo: Stig Frode, Mads og Øyvind.

Norborg slo HaNo heile 20-3 i kveld. Stig Frode skåra før pause, men oransjetrøyene gjekk til pause med 6-1. Mads putta midt i andre omgang, men Norborg køyrte berre på. Øyvind skåra mellom beina på keeper rett før full tid. 7-arlaget har med dette resultatet ikkje spesielt god målskilnad på tabellen, men med 2 sigrar og ein uavgjort er det knalltett oppover på tabellen. Kampen mot Godøy blei utsett, og HaNo har difor ein kamp til gode på dei oppom også.

HaNo spelte med desse:
Stian Longva, Rune Kvam, Øyvind Risan, Per Olav Sunde, Stig Frode Longva, Steven Saure, Daniel Grebstad, Kristian Kalvøy, Mads Uri, Audun Steen, Stig Andrè Rogne.

Ingen kommentarer: