tirsdag 25. januar 2011

18 eller 20 kampar

Etter påmeldingsfristen har gått ut får HaNo har heile 31 divisjonskollegaer i år. På 3 avdelingar blir det 11, 11 og 10 lag. Litt overraskande har Brattvåg også meldt på eit 2. lag til serien. Dei gav seg midt i sesongen i fjor, og har ikkje særleg med antall på treningane no etter nyttår.

På nettstader og diskusjonsforum er debatten i gang om oppsettet. Men ein ting synest klart, og det er at dei 10 laga lengst sør nok vil kome i same avdeling. Kva skal så vere kriteria for inndeling vidare...? Plassering frå i fjor (4./5.div)? Ambisjonar? Kun geografi?

Gamle, gode Geir Ringstad er særs aktiv på nettet, i bloggar og diskusjonar om lokalfotballen. Mellom dei 17 innlegga (pr tysdag kveld) på skodjeil.blogspot.com har den pensjonerte kretssekretæren i Sunnmøre fotballkrets enda på følgjande forslag:

Avd.1: Åheim – ÅVK – Kvamsøy – Gu/Lars 2 – Gjerdsv./Moltu – Bergsøy 2 – Tjørvåg – Haddal – Hasundgot – Flø. 10 lag

Avd.2: Sunnylven – Sæbø – Åmdal – Ørsta 2 – Vartdal – Herd 2 – Aksla – Aspøy – Hessa/SIF 2 – Vigra – Giske. 11 lag

Avd.3: Stordal – Ørskog – Skodje – Ravn – Harøy – HaNo – Lepsøy – Brattvåg 2 – Norborg 2 – Ellingsøy – Emblem. 11 lag

Avd.vinnarane spelar enkel serie om KM og 2 opprykksplassar.

1 kommentar:

Geir R. sa...

I alle fall gamle Geir R. traff blink med avd.oppsettet i 5. div. Om nokon treng ein tippekspert, ta kontakt!