torsdag 26. august 2010

Uavgjort i andreomgangane

Her ryddar Henrik og forsvaret vekk i går mot Giske. Det er alltid kjekt å ha "smultringen" bakover. Det er faktisk berre andre gong i år at HaNo held nullen. Også mot Aksla 2. juni blei det null baklengs for Henrik og HaNo.

Med uavgjort siktar eg ikkje til kampen i går, men totalt i serien i år. HaNo har nemleg "tapt" førsteomgangane samanlagt i år. Før pause har HaNo sleppt inn 18 mål, og skåra 14. Andreomgangane er dei mest målrike, der målskilnaden er 20-20 for HaNo sin del. Harøy har skåra nesten halvparten av desse. Heile åtte mål har Henrik og Sindre henta ut av nota etter pause mot dei mørkeblå. For meir statistikk og heime- og bortetabellar m.m., trykk her på stordal.nu si oversikt.

Ingen kommentarer: