fredag 20. august 2010

Michael bikka 150

Michael kikar etter ein ball som kjem dalande mot Lepsøy på heimebane i april. Han har nettopp jubilert, og 35-åringen har starta arbeidet med å nå att Kenneth (740) og LP (432) på adelskalenderen:)

Mikke har føydd seg inn i rekka av jubilantar denne sesongen. Mot Harøy spelte han sin HaNo-kamp nummer 150. Desse har jubilert hittil i år:



50 kampar: Preben, Åge, Demir.
100 kampar: Stig Erik, Cato, Vegard.
150 kampar: Michael, Odd Einar

Elles vil Per Kristian (248) og Kristian K. (46) med meget stor sannsynligheit vere med på å sprenge pokalbudsjettet når vi kjem til HaNo-festen 23. oktober. Det store adelskalender-spenningsmomentet er likevel: Vil Bror Vebjørn Steen passere 50 spelte kampar denne sesongen, eller vil han rett og slett stoppe på 49 som han har no...?

Ingen kommentarer: