torsdag 5. august 2010

Dugnad i kveld

Det blei støypt brått og uventa i går, og det trengs folk på dugnad i kveld. Tidspunktet er kl 1730-2000 på grusbana. Eller kallar vi det kanskje berre for Hallen no..? :)

Som det blei peika på i går på trening, så er det faktisk no den argasste dugnaden skjer i samband med bygginga av Nordøyhallen. Sjølve reisinga av hallen gjer leverandøren på eiga hand, så det er no under grunnarbeidet vi må legge inn innsatsen. Motivasjonen for oss fotballsparkarar til denne fleirbrukshallen er rimeleg god: Ei kunstgrasbane på 69 x 45 meter utan kuling og regn 24/7 heile året rundt i lang, lang tid framover;)

Ingen kommentarer: