torsdag 26. august 2010

Ingen oddsbomber i kveld

Håkon med positive bidrag i førsteomgangen. Kjekt å vise fram talenta våre for heimepublikummet også, som lot seg imponere av Håkon.

Dette er ei løpsmaskin, 1973-modell, som stadig fatnar i og held stand. Dagens HaNo-spelar.

Både Emblem (slo Harøy) og MSIL (3-2 heime mot Stordal) vann sine kampar i kveld. Då står definitivt opprykkskampen mellom Emblem og MSIL.

Syns vi gjorde det vi var einige om i dag- gjekk hardt ut og innsatsen var upåklageleg. Men det blei litt som vi sa i pausen: unøyaktig. Vil likevel gi honnør totalt sett for at vi prøvde, og til slutt lykkast. God defensiv kontroll mot eit Giske-lag som skåra fire mot Harøy forrige veke. Fortent siger, og kjekt at vi held fram som sist; skåre etter brot i midtbaneleddet eller høgt oppe i bana.



- Mej he fått enj ny spelar. Frå Norborg. Han ska spele på høgrebekkinj.
Stø-Leif underviste dei som ikkje hadde fått med seg overgangen nede ved tribuna før kamp. Her er Kristian i aksjon; ein solid debut.



Alle fotos: Sybell

Ingen kommentarer: