tirsdag 17. august 2010

Sensasjonelt gange to!

To sensasjonelle resultat i kveld:

7-arkamp: HaNo-Godøy 11-11.

Ingen skrivefeil her. eit ganske så morosamt referat på HaNo-sida frå det legendariske resultatet. Stig Erik kom til dømes frå fjelltur og og skaffa utstyr til å bli med utover kampen.

5.div: Giske-Harøy 4-3.

HIL er hekta av i opprykkskampen med dette resultatet. Morten Håheim skåra to mål som mot oss, og Stian Harnes skåra også. Men det var heimelaget som var mest effektive. Harøy mangla fire mann som spelte mot HaNo sist veke, og har i det heile ein tynn stall ut haustsesongen.

Emblem slo Hessa 2-1, og dermed står i praksis kampen om opprykk mellom MSIL og Emblem. Tabell og resultat til høgre i menyen her.

Ingen kommentarer: