torsdag 19. august 2010

Resultatmålsetting: 5. plass

Tabellen i 5. divisjon avdeling 1 har bolkar i seg akkurat no som gjer at eg meiner vi skal ha følgjande målsetting: Passere Ravn og Stordal på tabellen og bli nummer fem i ei sterk avdeling. Nettopp desse to laga møttest i Stordal i går, og kvittrøyene frå Vatne/Tennfjord tok ein sterk 4-3 siger.

Som mange har påstått (mellom andre Emblem-trenar Sindre Svinø, Hessa-spelar Nils Ottar Sandø, stordal.nu-redaktør John Øie), så ville nok ein 3-4 lag i avdelinga greidd seg godt i årets 4. divisjon. Utviklinga har (ganske så nært) blitt som vi skreiv før årets sesong også, at Hessa og MSIL ville ligge "der oppe", medan lag som Emblem, HaNo, Harøy, Ravn og Stordal ville kjempe hakket bak.

hanoherre.blogspot.com ropte eit varsku om Harøy IL. Der spådde vi rett, dei har verkeleg yppa seg og ligg heilt i toppen. Men no blir det "grese" med spelarar framover, og dei må nok gjere som oss, til dels ta i bruk svært unge spelarar for å få nok folk. Men dei ser nok på det som oss: Det er positivt også at dei unge får prøve seg. Det same tenkjer nok Erlend Fjørtoft i Tennfjorden; gutekeeper Martin Vadset blei kåra til banens beste i kampen i går. Med oss har gutekeeper Sindre også levert solid i det siste. HaNo-stallen ser ikkje så aller verst ut framover, men gutespelarar blir nok brukt både på 7-ar og 5. divlaget framover. Ikkje berre fordi vi "må", men fordi klubben meiner dette er talent som har ferdigheiter nok til å prøve seg allereie i år.

"Fasiten" 7-8 rundar før slutt gjer Hessa til årets skuffelse, og i midtsjiktet ser slik ut:
4. Hessa 21 p. (12 kampar)
5. Ravn 21 p. (13 kampar)
6. Stordal 20 p. (13 kampar)
7. HaNo 18 p. (13 kampar)

Målet vårt er å passere Ravn og Stordal, medan Hessa nok greier å plukke godt med poeng, og sannsynlegvis tek dei også att Harøy.

Ingen kommentarer: