fredag 20. august 2010

Kristian melder overgang til oss

Kristian Furnes trena med oss i vinter ein del, og var aktuell for HaNo-spel allereie då. Han var også med i treningskampane mot Norborg, Ellingsøy og Emblem i januar og februar. Etter ein skadeplaga vinter og vår satsar forsvarsspelaren no på å gjere ein innsats i blått framover. HaNo FK er svært nøgd med overgangen frå Norborg, og Kristian blir etter all sannsynlegheit speleklar til heimekampen mot Giske komande onsdag.

Ingen kommentarer: