tirsdag 24. august 2010

6 veker att av sesongen

Når det kjem til skulestart, mørke haustkveldar og lange reiser, så kjem også spørsmålet opp om antallet spelarar på trening. Vi lufta dette på treninga i går, og det er eit spørsmål som er vanskeleg å svare på: Skal vi kutte ned på nokre treningar for at vi skal få opp antallet på dei treningane vi har..? Det er heller ikkje lett og svare på med handsopprekking og så vidare. Eg har utifrå signala i går kome fram til denne konklusjonen:

Dei fleste meiner at to økter på ei veke er knapt, og at ein skal prøve og kome på det som er. Somme bygg hus, har ein drøss med ungar, andre har mykje lekser. Lange reiser er heller ikkje ideelt. Men faktum er at det er 6 og ei halv veke att av sesongen 2010. Denne perioden vil eg at kvar og ein gjer det ein kan for å få antallet på 15-18 i staden for 10-14 på trening framover.

Vi beheld aktivitetsplanen nesten som den var, berre tatt vekk tre fellesøkter frå den opphavelege planen, og kalla dei for eigentrening. Dette er økter som er mellom dei gongane det er halvanna veke mellom kvar kamp.

For dei som reiser, og dei er det mange av frå og med neste veke, så håper eg på at ein kan samkøyre bilane betre enn ein har gjort. Dette er sosialt og kjekt, samt langt billegare for kvar enkelt:)

Vi snakkast på kamp i morgon!

Ingen kommentarer: