mandag 9. august 2010

Runde denne veka

Det blir ein tøff og hektisk start for oss denne veka med kamp onsdag og ny ein på laurdag. Men no har vi greitt med folk, og denne utfordringa skal vi ta. Harøy er motstandar onsdag, medan vi reiser til Stranda på laurdag og møter deira nest beste. Stranda sitt 1.lag spelte mot Brattvåg i kveld (1-3), ny kamp fredag. Medan 2. laget gjestar Stordal tysdag før dei altså møter HaNo laurdag.

tirsdag 10.08.2010 18:30 Stordal-Stranda 2
onsdag 11.08.2010 18:30 Ravn-Aksla
onsdag 11.08.2010 18:30 Lepsøy-Emblem
onsdag 11.08.2010 18:30 Hessa-Giske
onsdag 11.08.2010 18:30 Harøy-HaNo

Største favoritt her må vere Hessa. Øy-bylaget knuste Lepsøy før ferien, og har fått tilgangar til ein frå før sterk stall i sommar. Men dei rota seg vekk med heimetap mot Aksla i vår, slik at dei nok ikkje greier å hente inn MSIL i haust. Men legg merke til at MSIL spelar borte både mot Hessa og mot HaNo i haust. Dei skal ikkje gjere mange fleire feilskjer før det kan bli spenning i haust. Emblem skal også skjerpe seg om dei skal halde Lepsøy unna nok ein heimesiger på onsdag.

Ingen kommentarer: