tirsdag 31. august 2010

Tropp Emblem

HaNo-troppa mot Emblem ser slik ut:

Henrik Åkre
Sindre Longva
Preben Lorgen
Michael Austnes
Kristian Kalvøy
Demir Haram
Lars Åkre
Per Kristian Klokk
Vegard Halkjelsvik
Cato Longva
Åge Flem Ulla
Steven Saure
Odd Einar Molnes
Kristian Furnes
Per Jarle Fjørtoft
Mads Uri
Håkon Haram

Dei som er i byen ordnar skyss på eiga hand. Oppmøte på Emblem kl 1800. Per Kristian og Odd Einar køyrer frå øya. Per Jarle kjem frå byen og har bil sjølv ut att. Dommar er Ernst Myhre, Spjelkavik. Berre og gle seg!

lørdag 28. august 2010

Øktene neste veke

Då har eg snakka med dugnadskomitéen, og då blir det slik neste veke:

Måndag trening kl 1750-1930 Nordøy
Tysdag 7-arkamp borte mot Skodje (Dugnad kl 1730-2000)
Onsdag 5. div kamp borte mot Emblem kl 19. Oppmøte kl 18.
Fredag trening 1715-1815. Dusj etterpå på Nordøy, deretter ulike HaNodagar-dugnadar på Nordøy eller på diskotek på Austnes.
Laurdag kamp mot Hessa kl 1430 på Nordøy under HaNo-dagane. Oppmøte i garderoben kl 1330.

Elles har nok alle fått lappe med kva deira oppgåve er under HaNo-dagane neste helg.

- Ka so e premi´n då?




Det er vel kanskje eitt av dei mest stilte spørsmåla frå Demir i år når det kjem til konkurransar på trening. Men skal du ha, Demir, du vann skotkonkurransen denne gongen også!


Premie: Bilete her, samt HEIDER OG ÆRE!! (Foto: Sybell)


fredag 27. august 2010

Dugnad i dag- trening i morgon

Sidan det er guttekamp på Austnes, så berre bestemte eg at det bør mobiliserast til dugnad i dag, og heller trene i morgon. Treninga går på Nordøy kl 11.

Det kom fem bilar med støyp i går, forskaling skal rivast og flyttast til nye lang- og kortsider, og dermed må alle som kan stille i dag frå kl 1730 til 2000 for å få gjort unna mykje til hallen som står ferdig om kort, kort tid:)

torsdag 26. august 2010

Uavgjort i andreomgangane

Her ryddar Henrik og forsvaret vekk i går mot Giske. Det er alltid kjekt å ha "smultringen" bakover. Det er faktisk berre andre gong i år at HaNo held nullen. Også mot Aksla 2. juni blei det null baklengs for Henrik og HaNo.

Med uavgjort siktar eg ikkje til kampen i går, men totalt i serien i år. HaNo har nemleg "tapt" førsteomgangane samanlagt i år. Før pause har HaNo sleppt inn 18 mål, og skåra 14. Andreomgangane er dei mest målrike, der målskilnaden er 20-20 for HaNo sin del. Harøy har skåra nesten halvparten av desse. Heile åtte mål har Henrik og Sindre henta ut av nota etter pause mot dei mørkeblå. For meir statistikk og heime- og bortetabellar m.m., trykk her på stordal.nu si oversikt.

Ingen oddsbomber i kveld

Håkon med positive bidrag i førsteomgangen. Kjekt å vise fram talenta våre for heimepublikummet også, som lot seg imponere av Håkon.

Dette er ei løpsmaskin, 1973-modell, som stadig fatnar i og held stand. Dagens HaNo-spelar.

Både Emblem (slo Harøy) og MSIL (3-2 heime mot Stordal) vann sine kampar i kveld. Då står definitivt opprykkskampen mellom Emblem og MSIL.

Syns vi gjorde det vi var einige om i dag- gjekk hardt ut og innsatsen var upåklageleg. Men det blei litt som vi sa i pausen: unøyaktig. Vil likevel gi honnør totalt sett for at vi prøvde, og til slutt lykkast. God defensiv kontroll mot eit Giske-lag som skåra fire mot Harøy forrige veke. Fortent siger, og kjekt at vi held fram som sist; skåre etter brot i midtbaneleddet eller høgt oppe i bana.



- Mej he fått enj ny spelar. Frå Norborg. Han ska spele på høgrebekkinj.
Stø-Leif underviste dei som ikkje hadde fått med seg overgangen nede ved tribuna før kamp. Her er Kristian i aksjon; ein solid debut.



Alle fotos: Sybell

onsdag 25. august 2010

Meiningsmåling: Kvar endar HaNo-trollet?

Bilete: Frå hanoherre.blogspot.com sin julekalender 2009. "HaNo-trollet" skapte hovudbry, kven er desse fire spelarane no igjen? Ove hugsar det kanskje ;)

Kvar endar desse spelarane på tabellen? HaNo ligg før kampen mot Giske på 7. plass på tabellen. Målsettinga er ein 5. plass. Greier vi det? Stem i pollen til høgre i bloggen. På stordal.nu peiker ein på at 4. plass kan bli viktig med tanke på neste sesong. Sjølv om HaNo FK soleklart støttar gjeninnføring av 6. divisjon, så tvilar eg sterkt på at ein "reverserer" vedtak i Sunnmøre fotballkrets, og brukar tabellplasseringa i haust til å danne ei 5. div.avdeling og to 6.div.avdelingar allereie i 2011. Men jo før, jo heller!!

PS! Aktivitetsplanen dei neste to vekene finn du også til høgre.

tirsdag 24. august 2010

Fint resultat på Vatneeidet

Ravn-Stranda2 1-2. Eit overraskande resultat. Men dette beviser nok ein gong at laga på nedre halvdel av tabellen framleis plukkar poeng i divisjonen. Ingen referat og målskårarar og finne i skrivande stund, men strandafotball.no eller il-ravn.no oppdaterer sikkert etterkvart.

7-ar: 4-10 mot Sykkylven

HaNo-Sykkylven 4-10 (2-8)
Mål HaNo: Øyvind Risan 3 og Adrian Hagen.

HaNo spelte 2-2 i andre omgang, og leverte bra innsats trass i eit heller svakt resultat mot FK Sykkylven i dagens 7-aroppgjer. Steven melder om at Adrian skåra dagens mål frå midtbana! Målvakta stod langt ute.

6 veker att av sesongen

Når det kjem til skulestart, mørke haustkveldar og lange reiser, så kjem også spørsmålet opp om antallet spelarar på trening. Vi lufta dette på treninga i går, og det er eit spørsmål som er vanskeleg å svare på: Skal vi kutte ned på nokre treningar for at vi skal få opp antallet på dei treningane vi har..? Det er heller ikkje lett og svare på med handsopprekking og så vidare. Eg har utifrå signala i går kome fram til denne konklusjonen:

Dei fleste meiner at to økter på ei veke er knapt, og at ein skal prøve og kome på det som er. Somme bygg hus, har ein drøss med ungar, andre har mykje lekser. Lange reiser er heller ikkje ideelt. Men faktum er at det er 6 og ei halv veke att av sesongen 2010. Denne perioden vil eg at kvar og ein gjer det ein kan for å få antallet på 15-18 i staden for 10-14 på trening framover.

Vi beheld aktivitetsplanen nesten som den var, berre tatt vekk tre fellesøkter frå den opphavelege planen, og kalla dei for eigentrening. Dette er økter som er mellom dei gongane det er halvanna veke mellom kvar kamp.

For dei som reiser, og dei er det mange av frå og med neste veke, så håper eg på at ein kan samkøyre bilane betre enn ein har gjort. Dette er sosialt og kjekt, samt langt billegare for kvar enkelt:)

Vi snakkast på kamp i morgon!

7-ar kamp tysdag kl 18

På Austnes i kveld møter 7-arlaget FK Sykkylven. Kampstart er kl 18.

Tropp Giske

HaNo møter Giske heime onsdag kl 1830. Oppmøte: 1730. Hugs å hente giskeværingar på Longva-kaia kl 1725 for dei som skal det. I tillegg må Preben og Cato hugse at dei har fått heimelekse ;)

Troppa:

Henrik Åkre
Sindre Longva
Preben Lorgen
Michael Austnes
Kristian Kalvøy
Demir Haram
Lars Åkre
Per Kristian Klokk
Vegard Halkjelsvik
Asgeir Nogva
Cato Longva
Åge Flem Ulla
Steven Saure
Odd Einar Molnes
Kristian Furnes
Per Jarle Fjørtoft
Robin Vindsnes Haram
Håkon Haram

Runden denne veka

Runden i 5. div avd 1 er slik denne veka (tips i parantes)


Søndag Lepsøy-Aksla 4-3
Tysdag Ravn-Stranda2 (H)
Onsdag HaNo-Giske (H)
Onsdag MSIL-Stordal (U)
Onsdag Harøy-Emblem (B)

MSIL leiar tabellen og er i førarsetet mot Emblem. Men det kan bli endringar denne veka her i stillinga. Stordal kan overraske MSIL, som har ein tendens til å snuble når det drar seg til. Emblem blir sterkast på Harøya, der heimelaget dessverre er svekka mannskapsmessig om dagen. Men om forsvaret held tett, og Håheim/Harnes held fram og skåre, så kan det bli tøft for Emblem også.

mandag 23. august 2010

Dugnad og trening (med minispelarmøte) i dag

Det er trening i kveld kl 20 på Austnes. På HaNo-sida står det at dugnadar denne veka er måndag, torsdag og fredag kl 1730-2000. Så dei som har sjans bør møte på dugnad før treninga i dag.

På treninga i dag blir det tatt opp eit par ting:
- Aktivitetsplanen framover: Antall økter vi skal ha framover (m.o.t. treningsoppmøte)
- Diverse haldningar PÅ trening og i kamp. Her har skjedd mykje positivt siste tida, god innstilling. Men vi har framleis ting å jobbe med.
- Trenaren legg fram målsettingar og nokre tankar om dei resterande kampane sesongen 2010. Tropp/start 11-ar og fokus mot Giske på onsdag.

Vel møtt!!

søndag 22. august 2010

Rune Rønstad dagens mann på Lepsøy

Lepsøy-Aksla 4-3. I ein kamp der storskårar Frank Gjerde sløste med sjansane, mellom anna eit straffespark, sørga Rune Rønstad for at Lepsøy slo Aksla. Lepsøy fauk opp i 3-0 tidleg, men byarane utlikna til 3-3. Rønstad skåra imidlertid sikkert på straffe heilt på slutten.

fredag 20. august 2010

Kristian melder overgang til oss

Kristian Furnes trena med oss i vinter ein del, og var aktuell for HaNo-spel allereie då. Han var også med i treningskampane mot Norborg, Ellingsøy og Emblem i januar og februar. Etter ein skadeplaga vinter og vår satsar forsvarsspelaren no på å gjere ein innsats i blått framover. HaNo FK er svært nøgd med overgangen frå Norborg, og Kristian blir etter all sannsynlegheit speleklar til heimekampen mot Giske komande onsdag.

Trening på Nordøy 1750 i kveld

Trening på Nordøy kl 1750-1930 i kveld. Neste veke ser slik ut:

Måndag 23.8 Tren Austnes 2000
Tysdag 24.8 7-ar Sykkylven Austnes kl ?
Onsdag 25.8 Giske på Nordøy kl 1825
Fredag 27.8 Tren Nordøy 1750-1930

Michael bikka 150

Michael kikar etter ein ball som kjem dalande mot Lepsøy på heimebane i april. Han har nettopp jubilert, og 35-åringen har starta arbeidet med å nå att Kenneth (740) og LP (432) på adelskalenderen:)

Mikke har føydd seg inn i rekka av jubilantar denne sesongen. Mot Harøy spelte han sin HaNo-kamp nummer 150. Desse har jubilert hittil i år:



50 kampar: Preben, Åge, Demir.
100 kampar: Stig Erik, Cato, Vegard.
150 kampar: Michael, Odd Einar

Elles vil Per Kristian (248) og Kristian K. (46) med meget stor sannsynligheit vere med på å sprenge pokalbudsjettet når vi kjem til HaNo-festen 23. oktober. Det store adelskalender-spenningsmomentet er likevel: Vil Bror Vebjørn Steen passere 50 spelte kampar denne sesongen, eller vil han rett og slett stoppe på 49 som han har no...?

torsdag 19. august 2010

Resultatmålsetting: 5. plass

Tabellen i 5. divisjon avdeling 1 har bolkar i seg akkurat no som gjer at eg meiner vi skal ha følgjande målsetting: Passere Ravn og Stordal på tabellen og bli nummer fem i ei sterk avdeling. Nettopp desse to laga møttest i Stordal i går, og kvittrøyene frå Vatne/Tennfjord tok ein sterk 4-3 siger.

Som mange har påstått (mellom andre Emblem-trenar Sindre Svinø, Hessa-spelar Nils Ottar Sandø, stordal.nu-redaktør John Øie), så ville nok ein 3-4 lag i avdelinga greidd seg godt i årets 4. divisjon. Utviklinga har (ganske så nært) blitt som vi skreiv før årets sesong også, at Hessa og MSIL ville ligge "der oppe", medan lag som Emblem, HaNo, Harøy, Ravn og Stordal ville kjempe hakket bak.

hanoherre.blogspot.com ropte eit varsku om Harøy IL. Der spådde vi rett, dei har verkeleg yppa seg og ligg heilt i toppen. Men no blir det "grese" med spelarar framover, og dei må nok gjere som oss, til dels ta i bruk svært unge spelarar for å få nok folk. Men dei ser nok på det som oss: Det er positivt også at dei unge får prøve seg. Det same tenkjer nok Erlend Fjørtoft i Tennfjorden; gutekeeper Martin Vadset blei kåra til banens beste i kampen i går. Med oss har gutekeeper Sindre også levert solid i det siste. HaNo-stallen ser ikkje så aller verst ut framover, men gutespelarar blir nok brukt både på 7-ar og 5. divlaget framover. Ikkje berre fordi vi "må", men fordi klubben meiner dette er talent som har ferdigheiter nok til å prøve seg allereie i år.

"Fasiten" 7-8 rundar før slutt gjer Hessa til årets skuffelse, og i midtsjiktet ser slik ut:
4. Hessa 21 p. (12 kampar)
5. Ravn 21 p. (13 kampar)
6. Stordal 20 p. (13 kampar)
7. HaNo 18 p. (13 kampar)

Målet vårt er å passere Ravn og Stordal, medan Hessa nok greier å plukke godt med poeng, og sannsynlegvis tek dei også att Harøy.

onsdag 18. august 2010

Demir "Skotkongen" Haram


Demir er i det målkåte hjørnet om dagen. På treninga måndag vann han skotkonkurransen på treninga. I ein svært avansert konkurranse hadde spelarane ni forsøk, og med sine tre skåringar vann han. Spesielt volleydelen sat som ei kula denne gongen. Heider og ære i bloggen:))

Dugnad+trening

I går var det massiv støypeverksemd på hall-tomta, og tre frå herrelaget stilte opp i fleire timar. Flott!

Det er også gutekamp i dag, men for herrelaget er det dugnad kl 1730, før treninga kl 20 på Austnes i dag. Ta med hammar og evt kubein står det på HaNo-sida. Hanskar er ein stor fordel med slikt arbeid. Sikkert lurt å ta med ei ordentleg drikkeflaske også, slik vi er klar til ei god treningsøkt etter forskalingsriving/bygging m.m. :)

tirsdag 17. august 2010

Sensasjonelt gange to!

To sensasjonelle resultat i kveld:

7-arkamp: HaNo-Godøy 11-11.

Ingen skrivefeil her. eit ganske så morosamt referat på HaNo-sida frå det legendariske resultatet. Stig Erik kom til dømes frå fjelltur og og skaffa utstyr til å bli med utover kampen.

5.div: Giske-Harøy 4-3.

HIL er hekta av i opprykkskampen med dette resultatet. Morten Håheim skåra to mål som mot oss, og Stian Harnes skåra også. Men det var heimelaget som var mest effektive. Harøy mangla fire mann som spelte mot HaNo sist veke, og har i det heile ein tynn stall ut haustsesongen.

Emblem slo Hessa 2-1, og dermed står i praksis kampen om opprykk mellom MSIL og Emblem. Tabell og resultat til høgre i menyen her.

søndag 15. august 2010

7-arkamp på tysdag

Steven har avtalt kamp mot Godøy 7-ar på tysdag. Han kjem nok med meldingar og meir info etterkvart, men veit folk dag, og den er på heimebane. Dette er ein kamp som blei utsatt frå vårsesongen.

3 poeng, og trening måndag 1750-1930

Etter ein ganske så svak førsteomgang, så køyrte vi over Stranda2 på laurdag. Cato får mykje ære i referatet, men heile laget skal få kredit for å halde oss inne i kampen og halde trykket til resultatet stod i vår favør!

Treninga på måndag tar vi kl 1750-1930. Det blir dugnad i morgon også, men herrelaget kan heller sette inn støtet på onsdag 1730-2000, før treninga kl 20 på Austnes gras. Det blir sannsynlegvis også spurt etter nokon som kan vere til stades tysdag på dagtid då det kjem nokre sementbilar på besøk. Dette tar vi på trening i morgon. Elles trening onsdag og fredag.

fredag 13. august 2010

Tropp Stranda2

HaNo spelar tett program om dagen. O kveld trenar vi på Nordøy kl 1750-1900, ganske så lett restitusjon og ein del tøying og prat om kampen som var og kampen som kjem. Skal mellom anna ha fotballtennisturnering!

Førebels har vi denne 14-mannstroppa til i morgon:

Sindre Longva
Preben Lorgen
Michael Austnes
Kristian Kalvøy
Demir Haram
Vegard Halkjelsvik
Asgeir Nogva
Cato Longva
Åge Flem Ulla
Odd Einar Molnes
Stig Frode Longva
Sondre Steen
Vebjørn Steen
Audun Steen

Per Kristian med karantene, og Preben tilbake frå karantene. Mads, Jonas og Stig Erik ut frå sist, Vebjørn og Kris inn.
Reiserute:
Avgang Austnes 0935
Avgang Magerholm 1110
Kamp kl 13
Avgang Ørsneset 1530 eller 1550 (Evt Stranda ferjekai 1515 til Liab.)
Avgang Skjelten 1715

torsdag 12. august 2010

God innsats

Aldri nøgd med å tape fotballkampar, men mykje positivt i går. Ein høyrte på humøret til HIL-spelarane i førsteomgang at vi greidde å st5resse dei og nekte dei særleg med rom. Men dessverre fekk dei inn utlikning, og starten på 2. omgang blei marerittaktig. Skal ta med oss det positive og slå tilbake mot Stranda2 på laurdag, gutta!

Andre resultat onsdag:
Ravn-Aksla 6-3 (fin Ravn-sluttspurt)
Hessa-Giske Avlyst? Ingen resultat og finne.
Lepsøy-Emblem 1-5 (Frank Gjerde reduserte rett før slutt for LIL)

Tysdag: Stordal-Stranda2 4-1.

tirsdag 10. august 2010

HaNo 3 i odds

Stordal slo Stranda2 4-1 i kveld på Kirkebø stadion. I tillegg til sigeren, så noterer skribenten seg at nordicbet gav Stordal 1,80 i odds for sigeren. - Svært godt betalt, meiner stordalingane.

Om vi ser på kampane i morgon, så gir nordicbet.com følgjande odds:

Hessa - Giske
H 1.08
U 9.50
B 7.75

Harøy - HaNo
H 1.55
U 5.50
B 3.00

Ravn - Aksla
H 1.45
U 5.75
B 3.50

Lepsøy - Emblem
H3.30
U5.50
B 1.50

Ganske "rett" oddssetting dette etter mitt syn. Om eg skulle brukt pengar på noko halvvågalt, ville eg nok ha brukt litt på våre naboar sør for oss. Lepsøy er i god heimeform, men det spørs om ikkje Emblem blir for sterk.

Tropp Harøy

Lars Petter, Odd Einar og dei hine reiser til Harøya på onsdag til første haustkamp. Dette biletet er frå vårkampen på Rogne, der HaNo til slutt vann. Men i seriekampen seinare revansjerte HIL seg med å vinne heile 6-2 på Nordøy. Onsdag gjestar vi den strøkne grasmatta på Harøya. Vi møttest også til 2x25 på Øyacup, som enda 1-1. Avreise 1655 med hurtigbåt, retur med Øyprins etterpå. Kampstart 1830. Dommar er Norvald Lausund, Lepsøy IL.

Vi stiller med denne troppa:

Sindre Longva
Michael Austnes
Demir Haram
Per Kristian Klokk
Jonas Longva
Vegard Halkjelsvik
Asgeir Nogva
Cato Longva
Lars Petter Haram
Åge Flem Ulla
Odd Einar Molnes
Stig Erik Nogva
Stig Frode Longva
Sondre Steen
Audun Steen

mandag 9. august 2010

Runde denne veka

Det blir ein tøff og hektisk start for oss denne veka med kamp onsdag og ny ein på laurdag. Men no har vi greitt med folk, og denne utfordringa skal vi ta. Harøy er motstandar onsdag, medan vi reiser til Stranda på laurdag og møter deira nest beste. Stranda sitt 1.lag spelte mot Brattvåg i kveld (1-3), ny kamp fredag. Medan 2. laget gjestar Stordal tysdag før dei altså møter HaNo laurdag.

tirsdag 10.08.2010 18:30 Stordal-Stranda 2
onsdag 11.08.2010 18:30 Ravn-Aksla
onsdag 11.08.2010 18:30 Lepsøy-Emblem
onsdag 11.08.2010 18:30 Hessa-Giske
onsdag 11.08.2010 18:30 Harøy-HaNo

Største favoritt her må vere Hessa. Øy-bylaget knuste Lepsøy før ferien, og har fått tilgangar til ein frå før sterk stall i sommar. Men dei rota seg vekk med heimetap mot Aksla i vår, slik at dei nok ikkje greier å hente inn MSIL i haust. Men legg merke til at MSIL spelar borte både mot Hessa og mot HaNo i haust. Dei skal ikkje gjere mange fleire feilskjer før det kan bli spenning i haust. Emblem skal også skjerpe seg om dei skal halde Lepsøy unna nok ein heimesiger på onsdag.

fredag 6. august 2010

Trening laurdag kl 11 på Austnes

12 mann på trening fredag, der Alf Kåre viste at han har lada godt opp i sommar. Han tok nemlig 12 poeng av 12 moglege under den lille turneringa (4 vs. 4) vi hadde midt i økta i dag. Elles så kom intensiteten seg etterkvart. Eit høgdepunkt var vel likevel tacklinga Per Kristian hadde på Cato under stafetten på slutten. Den var enorm;)

I morgon laurdag går treninga kl 11 som tidlegare skrive, men på austnes. Der blir minst 6 mann som vi veit om, og muligens vil guttespelarane som kjem heim i kveld også ta seg ein tur:)

torsdag 5. august 2010

Sjekk terminlista!!

Då har eg laga til på høgresida her treningsplanen for dei neste to vekene, samt alle kampane i haust. Eg ber om at vi ryddar vekk aktivitetar slik at vi ikkje går glipp av kampane i haust:)

Dugnad i kveld

Det blei støypt brått og uventa i går, og det trengs folk på dugnad i kveld. Tidspunktet er kl 1730-2000 på grusbana. Eller kallar vi det kanskje berre for Hallen no..? :)

Som det blei peika på i går på trening, så er det faktisk no den argasste dugnaden skjer i samband med bygginga av Nordøyhallen. Sjølve reisinga av hallen gjer leverandøren på eiga hand, så det er no under grunnarbeidet vi må legge inn innsatsen. Motivasjonen for oss fotballsparkarar til denne fleirbrukshallen er rimeleg god: Ei kunstgrasbane på 69 x 45 meter utan kuling og regn 24/7 heile året rundt i lang, lang tid framover;)

onsdag 4. august 2010

Poengdeling på Emblem

Emblem og MSIL spelte 1-1 i haustopninga i kveld. Dermed ligg MSIL på sitt opprykksskjema, om ein skal følgje dette "opplegget" som storskårar Stian Hellevik posta på MSIL-fotball.no tidlegare i sommar.

På Giske vann Lepsøy 3-1. (Rettelse, den gjekk på Lepsøy stadion pga banebytte i vår). Frank Gjerde 2 og Magnus Seth putta for raudtrøyene. Harøy knuste Stranda2 12-0 i denne runden, om ein skal kalle den det i juli. HaNo-Hessa er utsett til HaNo-dagane, laurdag 4. september. Aksla-Stordal blir spelt 15. august.

Stordal knuste Sunnylven 8-3 i treningskamp i Stordal i kveld. Harøy gjesta Brattvåg stadion i ein annan treningskamp i kveld, og 2-0 til heimelaget verka sterkt av Harøy. Harøy arbeidde godt defensivt, og Arve Myklebust stod meget godt i mål, heiter det frå Vågen i kveld.

mandag 2. august 2010

9 mann på første økt

Bra gjennomføring av oss ni som var til stades i kveld på Nordøy: Åge, Demir, Cato, Stig Frode, Odd E, Mikke, Jonas, LP og Preben. Neste økter finn du i innlegget nedanfor.

Underteikna har skaffa ny mobil i ferien og har kanskje ikkje fått alle med på fellesmeldingsystemet mitt. Ver vennleg å send eit pip, med namn, om du ikkje har mottatt felles i løpet av siste veka:)