onsdag 31. mars 2010

HaNo-Skodje måndag kl 1625

HaNo spelar siste treningskamp før seriestart mot fjorårets opprykksrival Skodje. Kampstart er kl 1625 på Rogne. Grasbana blir klar med god margin til måndag med dei vérmeldingane som er no.
Skodje blei slått 3-2 av HaNo i ein legendarisk kamp på Austnes-grusen i oktober. Men det var gultrøyene som gjorde det best totalt sett i playoff, og skal spele i 4. divisjon i år. Ein divisjon du helst bør vere mellom dei fem beste i for å overleve til 2011. Skodje IL har ikkje ei oppegåande offisiell heimeside, men skodjeil.blogspot.com har sett dagens lys i løpet av vinteren, og er ein glimrande blogg som fotballinteresserte dagleg er innom for sunnmørsfotballske oppdateringar. Skodje har møtt tre 5.divavdelingskollegaer hittil i vinter: slått Harøy 3-1 og Aksla 9-2, medan Ravn slo Skodje før helga, med 4-2.


Har grusbana blitt brukt for aller siste gong? Her bilete frå Rogne i 2009.

Ingen kommentarer: