torsdag 1. april 2010

LP til SIF

Lars Petter, som her heng høgt i lufta i fjorårets 6-1 siger over Ellingsøy, gjekk rett før fristen for overgangar no i mars, til Skarbøvik IF.
- Ei kjempeforsterking for oss, jublar både Jan Ove Austnes og Even Vestavik, begge ex. HaNo-spelarar. Vestavik og Austnes har begge vore pådrivarar for å få LP til Skarbøvik. - Vi manglar ein målfarlig og hovudsterk midtbanespelar, seier Jan Ove.

Til hanoherre.blogspot.com seier LP at han gjekk på grunn av at trenar Sture Fladmark har masa om dette lenge, og at han ikkje kunne seie nei til tilbodet som kom no rett før overgangfristen gjekk ut. - Til liks med Jan Egil, så er det økonomi som er grunnen. Eg får i underkant av eit 6-sifra beløp, pluss gratis leigebil med SIF. I tillegg veit hanoherre.blogspot.com at LP har ein annan lukrativ avtale med SIF, som nok var tunga på vektskåla: Dersom LP ikkje rekk hurtigbåten til Austnes og jobb om morgonen, har adm. dir. Helge Liadal i SIF garantert at 62 grader Nord og båten "Legona" kan skysse han til kaia på Longva om morgonen.

Vi kan ikkje anna enn å ønske lykke til i SIF, LP!

1 kommentar:

Maikatt sa...

HEHEHEHEHEHHEHEHEHEHHEEHHEHEHEHEHEHHEHEHEHEHEHEHEHHEHEHEHEHHEHEHEHEHHEHEHEHEHEHEHHEHEHEHEHHEHEHEHEHEHEHHEHEHEHEHEHHEHEHEHEHEHEHHEHEHEHEHHEHEHEHEHEHHEHEHEHEHEHHEHEHEHEHHEHEHEHEHEH!!!!!!!!!!!!!!!!! Gratis hurtigbåt mæ då, eller?