tirsdag 2. mars 2010

Jan Egil til Brattvåg

Fjorårets kaptein og toppskårar, Jan Egil, blir i 2010 å finne i gul drakt. Etter mykje fram og tilbake entrar han igjen BIL-trøya, som han gjorde i 2008-sesongen. HaNo hadde håpa i det lengste at han blei verande også i år. Jan Egil spelte dei tre første treningskampane med oss, men han fekk eit tilbod med Brattvåg han ikkje ville seie nei til.

Vi ønskjer Ull lykke til i Vågen komande sesong, og gler oss allereie til han er tilbake i moderklubben sin, der han førebels står oppført med 347 HaNo-kampar.

Ingen kommentarer: