mandag 8. mars 2010

Ravn-HaNo onsdag kl 18

Får berre beklage at det er NM i kontrabeskjedar i desse dagar. Men Ravn kunne ikkje stille lag på fredag, og bane ledig og einaste alternativ blir då onsdag 10.mars kl 18 i Uggedalen. Passar meget godt med ferjer (1635 frå Austnes, tilbake 2010 frå Skjelten). Veit at dette passar dårlig for nokre. Åge skal vekk, det same skal Kenneth H. og Frank (terminlistemøte) og Per Kristian stiller framleis med meinlårhøne. Austnesbana er islagt, og med dårlege meldingar mot helga er kanskje onsdag det beste alternativet uansett. Ver snill å sende melding snarast råd dersom det er andre som ikkje kan vere med. Skriv inn troppa så snart eg får tilbakemelding med folk.

Det blir dermed trening på fredag. Tid og stad må eg få undersøkje litt.

Ingen kommentarer: