torsdag 11. mars 2010

Fredag: Trening, spelarmøte og sosialt

Fredagen blir altså slik:
- Trening ute på Austnes-grusen kl 1750-1930.
- Dusj i garderobene på Austnes.
- Spelarmøte enten på klasserom eller Bistroen litt før kl 20.
- Pizza og quiz i lag med damelaget på Bistroen på Austnes frå kl 2045 og utover kvelden.
95 kr pr pers for pizza, men HaNo har nokre småpengar att frå Harøy-turen, og det blir ca 80 kr å betale pr pers. Kjøp drikke utanom.

Blir bra det! Gi beskjed på sms til OE innan i kveld (torsdag) kven som blir med, slik at eg kan gi dei som styrer med dette antall til pizzaen m.m.

Tema på spelarmøte:
- aktivitetskalenderen i vår
- treningskampane til no og framover mot seriestart
- Spelarstallen- siste nytt
- 7-arlaget- nokon fleire som vil vere med å ta ansvar der?
- diverse køyrereglar vi har på laget vårt- for kvarandre!
- nokon som manglar treningsdress?
- fokus framover!
- tilbakemelding frå spelargruppa: Kva har du sakna i trening/kamp, og kva har vore bra? Idemyldring i grupper.

Ingen kommentarer: