mandag 8. mars 2010

Vårcup for herrane avlyst

Kenneth U har vore i kontakt med dei andre herrelaga som eigentleg skulle på Vårcup. Alle, inkludert HaNo, er einige om at datoane 17./18.april ikkje akkurat passar særleg godt for årets Vårcup. Med serierunde både onsdagen før og etter, passar dette sportsleg sett dårleg inn for alle partar. Vi får satse på å arrangere ein Vårcup i 2011 på Rognebana. Det er ikkje avlyst på damesida, og etter det eg forstår satser ein på ein 1-dags cup mellom HaNo/Lepsøy, Brattvåg, Spjelkavik og Herd.

Ingen kommentarer: