mandag 1. mars 2010

To avdelingar- og fleire fotballkampar!

Endeleg er det klart: HaNo FK og alle som er glad i å spele fotball skal få gjere det- nemlig spele fotballkampar i 2010. Eit Kretsing med stemmetala 23-8 i favør to avdelingar gjer at 5. divisjon blir avholdt med henholdsvis 20 eller 22 kampar i årets sesong.

Leiar i Kretsstyret takka for stort engasjement og frammøte. Fleire tok ordet under debatten før sjølve avstemminga fann stad. Emblem starta- og i tillegg til at dei presenterte sine argument for to avdelingar som er veldig lik HaNo sine, så brukte dei også tid på å stille store spørsmålsteikn til prosessen sidan starten av januar frå administrasjonen i Sunnmøre fotballkrets si side. - Kvifor tok ikkje SFK kontakt med klubbane og spurte kva vi meinte på eit tidlegare tidspunkt, undra Odd-Erik Lund i Emblem IL, som likevel sjølvsagt rosa Kretsstyret si avgjerd om å kalle inn til Ekstraordinært Ting, når det storma som verst.

Norvald Lausund frå Lepsøy IL var klar i talen, og hadde med seg ei helsing frå spelargruppa i klubben:
- Dersom vi skal spele 12 fotballkampar på ein heil sesong, kan vi finne oss andre klubbar, er klar tale frå spelargruppa i Lepsøy IL, sa Lausund.

Tjørvåg og Bergsøy var bekymra for dei minste klubbane på Søre Sunnmøre. Raymond Nybø Abeltun sa at Tjørvåg (som kom til Playoff i 2009) kunne greie seg godt, men var redd for at dei minste klubbane ga seg når reiseavstandane blei så store. Han fekk støtte frå Bergsøy. For underteikna er det forståeleg at dei attletar på dette med antall kampar for sårbare stallar, men det dei la mest vekt på, var reiseavstandane. Då trur eg ikkje dei har studert geografien særleg godt. Til dømes Hasundgot vil måtte ta ferje to gongar til bynære strok, medan dei elles spaserer til naboen eller køyrer under vatnet til Hovdebygda eller Sæbø. (At lag som Harøy, HaNo og Lepsøy tar ferje til kvar einaste bortekamp blei ikkje vektlagt frå dei klubbane si side i det heile.)

HaNo entra også talarstolen etterkvart, og vi la vekt på at 12 kampar var antall kampar vi spelte på lillegutlaget, og at det ikkje er eit sportsleg tilbod for lag på noko nivå i 5. divisjon. Vi meinte at geografien ikkje er til hinder for to avdelingar, og at når ein trenar frå januar og 9 månader framover, så er det vel kampar vi har lyst å spele? Hovdebygda var einig, og peika på at no har Eiksundsambandet opna, og dermed kan dei og Sæbø reise sørover.

Giske var usikre, men gjekk for tre avdelingar. Dei kunne aller helst tenkje seg å spele 15-16 kampar. Åheim gjekk "mote straumen" på Søre, og ville ha to avdelingar og fleire fotballkampar. Dei meinte som Emblem og HaNo, nemlig at om det blir så få kampar, så ville heller dei meir ambisøse spelarane gå til klubbar der blir spelt, ja nettopp, fleire fotballkampar.

23 stemte for to avdelingar, medan 8 stemmer gjekk til tre avdelingar. Eit klart fleirtal med andre ord. Men ein skal vere klar over at det ikkje har vore noko sjølvfølgje dette: Ein ganske så gedigen innsats frå spesielt Emblem IL si side, har gjort at Kretsstyret "greip inn", og spesielt då Sunnmørsposten sette fokus på saka, blei det avgjort å halde dette Ekstraordinære Kretstinget.

Så får vi håpe at ingen klubbar fell frå, det er ikkje HaNo FK sitt mål i alle fall. strandafotball.no meiner avdelingsoppsetta kan bli offentleggjort allereie tysdag. Det skal bli spennande og sjå. Vi har tidlegare spekulert i desse avdelingane:

"Søre": Bergsøy2, Haddal, Hasundgot, Kvamsøy, Åheim, Gjerdsvika, Tjørvåg, Hovdebygda, Sæbø, Emblem, Aksla.

"Nordre": HaNo, Harøy, Lepsøy, Giske, Brattvåg 2, Ravn, Stranda 2, Stordal, Sunnylven, Hessa, MSIL.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Du har gløymt Hareid II

Anonym sa...

henta fra www.sunnmoringen.no

Stranda rykka som kjent opp i 3. divisjon med A-laget sitt. Andrelaget spelar i femtedivisjon, og møter følgjande lag i avdeling 1: Aksla, Brattvåg2, Emblem, Giske, HaNo, Harøy, Hessa, Lepsøy, MSIL, Ravn og Stordal (og stranda 2 for den som ikkje skjønte det)

I avdeling 2 spelar Sunnylven mot Bergsøy2, Gjerdsvika, Haddal, Hareid2, Hasundgot, Hovdebygda, Kvamsøy, Sæbø, Tjørvåg og Åheim.