søndag 7. mars 2010

Tamt lokaloppgjer

HaNo vann laurdagens lokaloppgjer vel månaden før same laga møtest til opningskamp i 5. divisjon avdeling 1. Vi kom oss heldigvis etter sjokkopninga. LIL leia etter 15 sekund, men vi svarte før pause. Baklengsmåla var noko enkle denne gongen, men vi skal skjerpe oss på det allereie mot Ravn komande onsdag. Elles hadde vel dommar Vegsund sett føre seg litt meir temperatur enn det faktisk blei i dette lokaloppgjeret. For det var eigentleg relativt tamt. Litt glatt underlag i 1. omgang kan ta noko av skulda, men i andre omgang var forholda gode. Då var også HaNo best. Mål HaNo: Stigis, VeGaRd, Mikke og Cato.

Positivt med debut av både Mads og Sindre, som viser at dei kan vere med å kjempe om ein plass i troppa i seriekampane også. Elles vil eg nemne Åge, som no har begynt å finne posisjonen sin på midten. Stor arbeidskapasitet, og gjer stadig lurare og betre val med ballen. Eit kort referat på HaNo-sida i løpet av søndagen kjem nok.

Skodje-dødaren Mikke spelte både stopper og spiss mot Lepsøy. Som spiss skåra han med hovudet, etter eit flott løp inn i feltet. Her avbilda på Harøya.

Ingen kommentarer: