lørdag 21. mai 2011

Haram og Harøy nederst

Etter fire serierundar er det ingen ekstreme overraskingar i 5. div. avd 3. Og dessverre dominerer Sandøy og Haram nederste delen av tabellen.

Emblem har vel ikkje svart til forventningane endå, og er nokre poeng bak i jakta om den eine playoffplassen som er mogleg å skoge tak i. Stordal blei omtalt som divisjonens "svarte hest" her i bloggen før seriestart, og dei ser faktisk sterk nok ut til å gå heile vegen. Vinnaroddsen har dalt frå 7,50 til ned på 2-talet. Dei har vunne 9 av dei 10 siste seriekampane sine. Forma frå i fjor haust er intakt, spelarstallen er den same. X-faktoren er "Sifyan" som ligg sentralt i bana, vinn ballar og strør dei sikkert vidare. Ein kjempetilvekst for laget.

Vi har ikkje plukka poeng endå, men det er berre snakk om tid. Allereie neste runde ventar Lepsøy borte. Knokkeloppgjeret på Lepsøy stadion blir viktig for begge lag, og ein gylden sjanse til å klatre på tabellen. Ein tabell, som spådd på førehand, er prega av at laga frå Haram og Sandøy ligg på nedertse del.

Norborg sine tips
Skodje-bloggen sitt tabelltips før sesongen:
1. Emblem
2. Skodje
3. Ørskog
4. stordal
5. Ellingsøy
6. Norborg2
7. Harøy
8. Ravn
9. Lepsøy
10. HaNo
11. Brattvåg2

Tabellen no er altså slik:
1. Ellingsøy 12
2. Ørskog 10
3. Stordal 9
4. Skodje 8
5. Emblem 6
6. Brattvåg 2 6
7. Norborg 2 3
8. Harøy 3
9. Lepsøy 2
10. Ravn 1
11. HaNo 0

HaNo kan med andre ord passere naboane i raudt. Då må kvaliteten hevast: LIL har to uavgjorte, og spelt jamt mot alle laga til no. Vi har tre økter å førebu oss godt til kampen på- og dei skal vi nytte godt!

Ingen kommentarer: