tirsdag 17. mai 2011

Stordal soleklare favorittar

Sindre Longva (biletet) og HaNo skal møte Stordal til kamp på Austnes førstkomande torsdag kl 18:30. Dei gulkledde gjestane er i følgje Nordicbet skyhøge favorittar.

Nordicbet har lokale oddsettarar som set spel frå alle nivå på Sunnmøre. Til 4. serierunde i 5. div avd 3 har dei denne oddsen:

Ons 18:30 Norborg2-Ørskog (ingen odds på 2.lagskampar)
Tor 18:30 Emblem - Lepsøy 1.15 -7.75 -6.50
Tor 18:30 HaNo - Stordal 5.35 -6.75 -1.22
Tor 18:30 Ravn - Ellingsøy 3.50 -5.75 -1.45
Tor 18:45 Skodje - Harøy 1.25 -6.50 -5.00


Dvs klare førehandsfavorittar her altså. Bloggen og underteikna prøvde seg med å spå ein u-runde sist, og traff vel kun på Løvsøya. Denne gongen her er det berre å følge oddsa, trur vi, bortsett frå kampen som går på Austnes gras kl 18:30 på torsdag! :) Hadde nok heller ikkje brukt særleg med pengar på å spele på Ellingsøy borte på Vatneeidet til den skarve oddsen dei har.

Stordal.nu meiner også at å hive seg på ein trippel med storfavorittane Emblem, Skodje og Stordal, "bør ein styre unna"

Ingen kommentarer: