torsdag 19. mai 2011

Håkon speleklar

Her handshakar Håkon HaNo-leiar Odd Einar, som endeleg har fått gjort ei signering rette vegen i 2011. Molnes er nesten sliten av å skrive autografen sin på spelarar som går feil veg. Men no er Håkon, samt Vebjørn og Audun Steen snart klar for HaNo-spel utover våren :)


Håkon Inge Longva Haram (17) er atter HaNo-spelar. Etter eit vinteropphald i IL Valder akslar han i kveld HaNo-trøya på nytt. Han er i alle fall i troppa. Velkomen tilbake til den kjappe og teknisk fikse angriparen!

Håkon har slite med sjukdom i vinter/vår, men no er han i god trening og verka sprek på måndagens treningsøkt i NH. På den treninga var også Vebjørn Steen. Han er ferdig for året på folkehøgskule, og spelar på HaNo i vår. Broder Audun melder sin ankomst når vi bikkar juni, og er også innstilt på å kjempe om ein plass på laget fram mot sommaren.

PS! Av nylege HaNo-eksportar kan vi nemne at Henrik, Preben og Cato er faste innslag i Norborg si startoppstilling. Åge har ikkje spelt alt for mange Rollon-kampar, men var i startoppstillinga i forrige serierunde mot Hareid. Jonas spelar back i bergensk 4. divisjon. Reknar med han skriv innom kommentarfeltet her korleis det går...? :)

PS!2 Jan Egil (Brattvåg,3.div), Even og Jan Ove (SIF,3.div) er også aktive ex. HaNo-spelarar i god drift. Korleis er det med Erik Åkre? Kven andre held på med seriespel no for tida med fortid i lyseblått? Skriv inn i kommentarfeltet, slik vi får ei oppdatering!

4 kommentarer:

Sondre sa...

I trøndeland har sør-trøndsk 6. div. avd. 07 akk avslutta vårsesongen. Ligg på europaligaplass enda med Janus FK og er rimeleg nøgd med det. Utfyller Bale med dei svakheitene han ikkje har på venstrebacken. Vennleg helsing, Sondre

Odd Einar sa...

Bra jobba Sondre! Kva med Richard H.? Spelar i Forsvaret ein eller annan plass ? :)

Og Jonas, korleis går det i Hordalansk 4. div?

Richard H. sa...

Richard H. har bokført ca 5 kampar som FORSVARSspelar for Bardu IL i 5-div i Indre Troms. Men alle var i 2010. Då rykka laget opp, så det står ikkje på sportslig suksess for den blå i nord! Men laget blei trekt til årets sesong, så det er lite fotball for tida. Gler meg dog til øya-cup og sommartreningar!

Richard H. sa...

Lurer også litt på korleis eg sjølv ligg an på adelskalenderen, men finn han verken her eller på hanofk.no. Er han å finne nokon stad på veven?