onsdag 16. mars 2011

Div smånytt: Borgan Harøy-trenar

Etter ein trå start for Harøy IL på treningsfronten i år, har midtbanestrateg Rolf Borgan tatt over Harøy-skuta. Rørvikingen har spelt for HIL sidan han kom til øya på 90-talet, med ei god pause midt i. Borgan hadde i lag med mellom andre Morten Håheim eit godt comeback i fjor under leiing av Jan Vatnehol. No skal Borgan leie laget, som i likheit med oss har mista ein del spelarar sidan i fjor. Men mykje tyder på at Harøy blir eit godt juni/juli og august-lag, der ein kan nytte fleire heimvendte studentar. Også HIL kjem til å bruke mange unge spelarar i år.

Treningskampar med involverte frå vår avdeling i det siste:
HaNo-Tomrefjord 1-5 (ref på HaNo-sida som vanleg)
Emblem-Åndalsnes 1-1
Norborg-Ørskog 6-2

Odds-selskapet Nordicbet har med dei siste resultata justert litt på oddssettinga si for vår avdeling. Emblem har styrka sin posisjon som favoritt:

Emblem 2.75
Skodje 3.50
Ørskog 5.00
Ellingsøy 7.50
HaNo 7.50
Stordal 7.50
Brattvåg 2 8.00
Ravn 15.00
Harøy 20.00
Norborg 2 30.00
Lepsøy 75.00

PS! Den svarte hesten her må heilt klart vere Stordal. Ein glimrande haustsesong i fjor, har ikkje mista verken trenar Johansen eller spelarar. Dei skal visstnok vere styrka. Men kvar er dei?? Treningsleir i Syden? Oppladning på Overøye?? stordal.nu er totalt fråverande også, håper dei vaknar til liv snart. Sårt sakna på www i Sunnmørsfotballen :)

Ingen kommentarer: