søndag 8. mai 2011

Sumpen får stryk- igjen

Endeleg er stordal.nu på nett igjen. Det er moro for oss som er interessert i å lese om lokal fotball. Flaks for oss, så er vi avdeling med både dei og Skodje, som har ein blogg som er meget oppdatert. Begge opererer også med toppskårarliste for heile avdelinga. Der gjer vi oss noko bemerka, med dei tre tomålsskårarane Jokke, Per Jarle og LP til no.

Med over halvparten av laga på Sunnmøre i 5. divisjon, skulle ein tru at Sunnmørsposten kunne anstrenge seg pittelitt for å få inn eit enkelt referat i kampane. Vi har forståing for at ein ikkje kan vere alle stadar og skrive, men kanskje sende rundt eit lite skjema som heimelaga har ansvaret for å skrive inn ein epost om etter kampslutt..?

Ingen kommentarer: