tirsdag 10. mai 2011

Ein uavgjort-runde i vente

Cato stod over forrige a-kamp pga eksamen. I går kveld greidde han og Norborg2 ikkje å plukke poeng mot Brattvåg2 på "Brattvågasfalten", som norborg.com kallar kunstgrasbana i Vågen.

Brattvåg2 slo Norborg2 også, og dermed sin andre naboskalp på få dagar. Igjen Martin Sundnes sentral, og Sundnes vil ende på over 30 seriemål i år om han held fram med å kun spele for andrelaget. Ex-blå/kvite Cato Longva spelte 75 minutt for dei oransje, men heller ikkje han kunne hindre 5-3 til heimelaget.

Torsdag spelast desse kampane, med våre tips i parantes:
Ørskog-HaNo (U)
Stordal-Emblem (U)
Lepsøy-Skodje (U)
Harøy-Ravn (U)
Norborg2-Ellingsøy (U)

Ja, tidenes uavgjort-dag i vente i 5. div avd. 3?? Ikkje usannsynleg. Emblem vil nok revansjere heimetapet mot vår neste motstandar frå Sjøholt, men Stordal blir ikkje lett. Lepsøy har ein svært konkurransedyktig første 11-ar, og snart vil dei nok halde lengre og lengre i kampane. Den nye spissen Hillersøy og Frank Gjerde kan fort lage trøbbel for Skodje, som varierer i prestasjonane. Harøy-Ravn blir jamn. HIL skal vise seg fram sine nye ungdommar til publikum på fylkets flottaste grasbane. Norborg2 (a-laget kamp på fredag) har tett program, men vil karre seg til poeng mot Ellingsøy.

Ingen kommentarer: