onsdag 27. april 2011

Vil dempe favorittstempelet

Som vi tidlegare har skrive, startar HaNo i dag torsdag serien mot Norborg2. Kampstart er kl 1830 i Uggedalen. Sjølv om HaNo stiller med rutinerte karar som Per Jarle, Mikke, Per Kristian og LP til kamp, tyder mykje på at Pål og Robin får sin seriedebut for HaNo, og kanskje begge frå start?

Stordal.nu har vakna til live, og stemplar Emblem som megafavoritt, noko som Emblem prøvar å tone ned ein tanke, på ein dag der dei skal møte eit godt (men noko utrena) BIL2-mannskap. Nettstaden til Stordal meiner laget deira er i rute, men at dei har hatt dårleg tak på Ravn den siste tida.

Dei andre laga i avdeling 3 finn du link til i menyen til høgre på denne sida.

PS! Opp mot rekord på treff i bloggen onsdag: 199 unike treff vitnar om ei viss interesse for sesongstarten.

Nordicbet med desse oddsa, der Ellingsøy og Lepsøy tydeligvis har avtala å bytte kven som spelar heime:

Ellingsøy - Lepsøy
H 1.75
U 5.40
B 2.45

Stordal - Ravn
H 1.35
U 6.00
B 4.00

Ørskog - Skodje
H 2.00
U 4.75
B 2.35

Ingen kommentarer: