fredag 1. april 2011

Studenten:

Namn: Daniel Lødøen Grebstad
Alder:
30
Sivilstatus: singel
Yrke: Profesjonell student
Favorittklubb: HaNo
Posisjon:
Sentral benk og Venstre midt
Tidlegare klubbar: Ikornnes Lillegutt
Beste medspelar: Joakim Austnes
Verste medspelar: Det får dei slåst om
Artigaste medspelar:
Det får dei krangle om
Verste motspelar:
Likar å ha på brødskiva:
speilegg
likar å ha i glaset: Appelsinjus eller melk som eg kan huske.
Verste fotballminne: Det var første trening på HaNo etter eit fotballopphald på 15 år. Fotball ser så enkelt ut på TV og det er atpåtil dei øverste divisjonane med den mest avanserte fotballspelinga. Eg trudda at det skulle bli dritlett å trene i 5. Divisjon, men eg vart berre sliten, forvirra og skada. Det må vel gi seg etter kvart.
Artigaste fotballminne: Ein innendørs fotballcup i Sykkylven. Eg stod på midtbana og prøvde å dempe ein ball som ein motspelar prøvde å skyte forbi meg. Dempinga gikk skeis. Ballen spratt kraftig tilbake og gikk i mål via tverrliggeren. Den kampen vann vi 1 - 0. Det var mitt første mål på ein kamp og mamma kjøpte meg den Iron Maiden plakaten eg ynskte meg.
Beste fotballminne:
Mål for sesongen: Drible betre og skyte betre og………………
Noko du ellers vil seie:
Nei


1 kommentar:

Odd Einar sa...

Ka tid skal du avsløre at du faktisk er 39 år, Daniel .. ?