mandag 25. april 2011

Første serierunde torsdag

Emblem beheld førebels favorittstempelet i avdelinga vår få dagar før seriestart. Vellukka og god treningsleir i Tyrkia har blitt etterfulgt av nye sterke treningskampar. Vigra, som er sparringspartnar for mange lag i vår avdeling, tapte "berre" 1-o mot Emblem. Skodje slo same Vigra onsdagen i påska, med komfortable 2-0.

Skodjebloggen held fram med sitt tabelltips. Sjå meir i deira blogg, der dei i skrivande stund har kome til Stordal på 4. plass, og har att seg sjølv, Ørskog og Emblem med plasseringar på sitt tabelltips. Ørskog slo forøvrig Tomrefjord med 3-2.

Norborg2 er altså HaNo sin første motstandar i serien. Førstkomande torsdag brakar det laust. Med 11 lag i divisjonen er det eitt lag som "står over" kvar serierunde. Harøy drøyer seriestarten før dei opnar borte mot Ellingsøy veka etter. Hanoherre.blogspot.com dristar seg til med tips i parantes. Nordicbet har ikkje odds på første serierunde endå, men berre kven som vinn avdelinga.

torsdag 18:30 Norborg 2-HaNo (B)
torsdag 18:30 Brattvåg 2-Emblem (U)
torsdag 18:30 Ørskog -Skodje (U)
torsdag 18:30 Stordal -Ravn (H)
torsdag 18:30 Lepsøy-Ellingsøy (H)

Ingen kommentarer: