mandag 4. april 2011

PL-meisteren fått sin premie

Ingenting er som å sjå ein ekte Brattvåg-gut vere ikledd lyseblått. Med rett logo foran og bake må vite :) Oddmund Davik Otterlei syns t-skjorta var fin, og anbefalar elles folk om å gå å kjøpe den på Sport1 i Brattvåg. Oddmund slapp å kjøpe den sjølv, då dette var førstepremie i PL-meisteren, som gjekk av stabelen i bloggen her i vinter. Han slo Lars U i finalen, som mottok eit blått fotballstrømpepar for finaleplassen.
Som vi ser her, må sonen Erlend gni seg i augene. Han trur vel knapt det han ser far og trenar i Brattvåg IL har på seg.


PS! hanoherre.blogspot.com understrekar at "pokalen" han elles held i handa ikkje er premie levert av oss. Det såg berre så tøft ut med ein slik pokal i tillegg, meinte vinnaren ;)

2 kommentarer:

Solveig sa...

Rekna med dinna bli brukt MYKJE framover :-)

Oddmund sa...

Takk for den flotte skjorta, Odd Einar. Den skal brukast under BIL-dressen i serieåpninga mot Bergsøy fredag. Satser på at det er ei lykkeskjorte:-)