torsdag 14. april 2011

Kjenner du dugnadsånda..?

Då karar, står det på HaNo-sida at det skal vere dugnad på laurdag kl 09:30 - 13.00.
Du som spelar på herrelaget har no vore på dugnad nokre gongar. Fleire har mange titals timar bak seg sidan dugnadsstarten i fjor. Men enkelte av oss kunne godt ha vore der meir :) På laurdag skal det leggast utover isopor, og det er no slik at til fleire vi er, jo kjappare går det :) Det krevst ingen forkunnskap eller slike ting, ein får tips og hjelp til kva ein kan gjere ! Eg meiner at du som herrespelar skal ha ein rimeleg god grunn for å ikkje møte på laurdag!!

Ingen kommentarer: