tirsdag 26. mai 2009

United og LP favorittar?

Utan samanlikning forøvrig, kanskje, men United er favoritt i vår poll om CL-finalen i morgon. Ein ny favoritt blir kanskje LP, som putta heile fem gongar under del 1 av vår skåringskonkurranse på måndagstreninga. Den held fram onsdag, og siste del fredag. Viktige føresetnader for å kome til topps her, er å vere på treningane, og faktisk sette sjansane vi får. Det er god øving å ha litt meir press på seg enn vanleg skottrening. (Eller skåringsøving, som vi fekk beskjed om at det heiter på trenarsamlinga på Austnes forrige veke.) Vegard og Cato er nærmast med 3 nettkjenningar, i ein konkurranse der Henrik imponerte med fleire gode redningar i går. Kven vinn trur du? Ei avstemming ligg ute, med alternative namn på dei som har skåra to eller meir, samt at du kan stemme på "ein annan".

Ingen kommentarer: