torsdag 7. mai 2009

Tropp Lepsøy- oppmøte kl 14!

Troppa til Lepsøy er den same som tysdag, bortsett frå Asgeir, som skal ut og reise.
Oppmøte er kl 14, halvannan time før kampstart. Dersom ein reiser kl 1400 frå Skjeltene er ein ikkje på Haramsøya før kl 1440 med laurdagsruta, og det blir litt for stressande i ein heimekamp. Det er fullt mogleg å kome på 1305 frå Skjeltene i staden for dei som reiser. Dermed får vi tid til frukt (Odd E kjøper inn), vatn (frå kranen) og eit aldri så lite spelarmøte før vi varmar opp. Då får vi også tid til to ting som vi ikkje har fått gjort: Reiserekningsskjema for januar-mars, og desse arka med umbro-pakkane.

2 kommentarer:

Lasse sa...

kem som kommer inn i troppen når han asgeir går ut?

Cato sa...

Ej tippa du blir satt på kanten dinna gongen ej :D