onsdag 27. mai 2009

Ellingsøy utan tap

Ravn fekk faktisk juling av Ellingsøy onsdag kveld. Heile 2-5 blei sluttresultatet på Vatne. Dermed heng Ellingsøy i høgste grad med, med sine 7 poeng, 2 bak HaNo og BIL2. Ellingsøy har også berre spelt tre kampar. Dei har ein hengekamp borte på Harøya i august.
Tabell avdeling 3

I avdeling 1 herjar Hareid2 vidare. Fjorårets 4.divisjonslag Gursken/Larsnes fekk bank med sifra 2-7 i kveld.
Tabell avdeling 1

Skodje slo Aksla med 5-2, og er med i toppen av avdeling 2. Stordal knuste variable Sykkylven2 med 9-1.
Tabell avdeling 2

Ingen kommentarer: