søndag 3. mai 2009

Forfall laurdag- hugs eigentrening!

Laurdag talde vi 11 mann på trening, inkludert trenaren. Forfalla er som regel greie, og når vi får så mange som i går, må vi minne kvarandre på følgjande som eg har sagt i vinter på div spelarmøte: Det er kanonviktig for spelaren personleg, men ikkje minst for laget, at om ein er vekke frå ei fellestrening, må ein kompensere med tilsvarande eigentrening. Status elles på skadefronten er at Stig Frode driv og knekk på plass ting, er klar tysdag. Verre med Ove ser det ut til, har no starta på fysikalsk handsaming for å kvitte seg med strekken på baksida av låret. Demir trakka over i går, usikkert kor det ligg an med den.

Ingen kommentarer: