fredag 29. mai 2009

5. serierunde

Runde 5 i HaNo si avdeling blir spelt slik:
2009-06-01 18:30 Godøy 2/Vigra 2 - Ravn
2009-06-03 18:30 Brattvåg 2 - Ellingsøy
2009-06-03 18:30 Harøy - Lepsøy
2009-06-03 18:30 HaNo - Giske

Kan Harøy ta revansje mot Lepsøy, etter 0-1 tap i treningskampen rett før seriestart? Kan Ellingsøy halde fram oppturen borte mot BIL2, og kan Ravn reise seg mot G2/V2? Det er spørsmåla før 5. serierunde. HaNo si tropp mot Giske er ikkje heilt spikra. Lasse har reist til sjøs for sommaren. Jan Egil blir ikkje med, reiser til USA ei stripe. Åge er tvilsom pga skuletur, og Demir skal jobbe. Henrik skal opp til fagprøve, og er heller ikkje 100 % sikker. Kenneth tilbake i høve til Harøy-kampen. Sondre kan bli speleklar, men ikkje fått stadfesting på det. Dagis er også forhåpentligvis med i troppa.

Ingen kommentarer: