mandag 4. mai 2009

Åge månadens spelar!


Vi har nettopp avslutta april månad, og juryen (OE/LP) har kåra Åge til månadens spelar!
I grunngjevinga heiter det:
- Har tatt eit tak i innstillinga til dette med tidsnokheit, og å kome i gong frå start på ein veldig god måte.
- Har blitt taktisk svært mykje betre på kort tid- spelar ballen til rett tid langt betre enn tidlegare i vinter. Går på sugande løp og er ein aggressiv og duellgod spelar!
- Ein blid person som gjer eit svært positivt inntrykk i troppa!


bloggen gratulerer, og ein sjokkis ventar i garderoben før kamp i morgon :)

Ingen kommentarer: