fredag 24. september 2010

Ingen 6. divisjon i 2011

LP og HaNo spelar i 5. divisjon neste år, mest sannsynleg i ei av tre avdelingar. Bent Erik Sørheller og MSIL spelar 90 % sikkert i 4. divisjon.

Stort oppslag i Sunnmørsposten i dag om vonbrotne 3. og 4. divisjonslag som lurer på kvar dei skal ende på tabellen for å vere sikker på ståplass i divisjon. Journalist og Skodjespelar Eirik Hjelvik har gått saka i saumane, og dermed måtte også Sunnmøre fotballkrets prøve å klargjere kva det er som skjer. Kort sagt er det fleire usikre moment som gjer at det er usikkert kva tabellposisjon som er sikker ståplass for eit lag å halde seg. Vigra og Erlend Holm har i alle fall oppdaga galskapen, og må risikere å køyre over brua og møte Giske i den eine av dei tre avdelingane i 5. divisjon 2011...

I same artikkel stadfestar dagleg leiar i kretsen at det ikkje blir nokon 6. divisjon allereie i 2011. Det vil seie at spekulasjonar som mellom andre stordal.nu har kome med om at det er viktig å kome på 4. plass i år for å halde seg i 5. divisjon neste år, ikkje er noko hald i. Logisk nok, sidan ein ikkje kan kome med premissane for sesongen 2010 i etterkant. hanoherre.blogspot.com håper at kretsstyret kjem med gode framlegg til haustens Kretsting, der oppretting av 6. divisjon 2012 er eitt av alternativa.
Det kan mellom anna føre til ein spennande sesong neste år, der det gjeld for HaNo å kome mellom dei 3-4 beste i avdelinga for å kvalifisere seg for 5. divisjon 2012!

1 kommentar:

Vegard sa...

De sønst ej va ei dårla målsetting isofall.. :) snart må oss bjønd å sette oss et mål om å bli nr 1, og dermed rykke opp en divisjon..