onsdag 15. september 2010

Nokre tankar frå trenaren...

Litt filosofering på veg heim att i dag.
Vi låg under 1-0 til pause i litt motvind. Men mest motvind sørga vi for sjølv ved å endre innsats, moral og innstilling noko voldsomt utover i omgangen. Motgang er ein del av kvardagen i fotball, men då må vi heller tenke: Kva kan eg hjelpe laget med no for å snu dette?

Dette er det mange som må jobbe med i vårt lag. Mot slutten av første omgang, og ikkje minst på veg inn til pausen var det NM i nedpsyking av kor dårlig og rævva vi var. Dette må vi legge vekk med ein einaste gong. Ein stor uting. Vi kan ikkje gå rundt og sure, og bruke over ein halv omgang på å kome til hektene igjen.

Poenget mitt er: Til neste gong, når det buttar litt i mot, på trening eller i kamp, så spør vi i staden oss sjølv: Kva kan eg hjelpe laget med no for å snu dette?

For det er nesten rart og sjå korleis vi snur topplokket og plutselig byrjar å jobbe i andre omgang. Ein heilt annan mentalitet; vi arbeider i lag mot det same målet: Å vinne tilbake kampen som eit lag. Det gjorde vi kjempebra. Innsatsen og tonen ein heilt annan, og dette førte til poeng.

Eg vil at alle skal tenkje litt over dagens kamp. Det er nemlig frustrerande for ein som har hovudansvar for laget å sjå at vi er SÅ dårleg på det dårlegaste. Lavt botnnivå heiter det nok på fagspråket. Og at vi treng ei pause og nokre utblåsingar for å skjerpe oss. Håper at vi tenkjer over dette til neste trening og kamp:)

Ingen kommentarer: