lørdag 8. mai 2010

Godt med overtids-triumf!

Ingenting er betre enn- sett i ettertid- ein siger som kjem på overtid. "Skodje-dødar" Michael gjorde det igjen, og herlig med tre poeng. Det gir oss 6 poeng på tabellen, og det er kjekt å ha kontakt med øvre halvdel igjen:)

Vi skal rose oss sjøl for å kome tilbake denne kampen, etter gode enkeltmannsprestasjonar av Mario Strecky på Stranda, som ikkje spelte a-kamp i går i 3. divisjon for Stranda pga karantene. LP treff frispark PÅ mål, og det er ikkje så dumt. Demir offensiv i dag, og assist på 2-2 som Kenneth får i mål (3 mål på 3 kampar for hans del). Vegard er presis på dødball, og herlig at Mikke gutsar sigersmålet i nota.

Mest ros kanskje for at vi tek omstillinga av formasjon såpass bra. Då skal vi vere lojal i forhold til det- og det er vi!

Men er vi "friskmeldt"? Det skal vi kort drøfte på treninga måndag før kampen mot Giske på onsdag allereie. God helg, og nyt trepoengeren:)

Ingen kommentarer: